Volda Bakgårdsultra kjem tilbake i 2027.
Etter to vellykka arrangement i 2025 og 2026 ser vi fram mot neste års løpsfest i Volda.
Førebels dato for Volda Bakgårdsultra 2027 er 16. oktober 2027. Endeleg dato og informasjon om påmelding vert stadfesta i januar 2027.
Volda Bakgårdsultra er eit sosialt og inkluderande løp basert på backyard ultra-konseptet. Løpet går over 12 rundar à 6,7 km, med ny start kvar heile time. Fullfører du runda innan timen er omme, kan du stille til start på neste runde.
Fullfører du alle dei 12 rundane, har du tilbakelagt 80,4 km – den klassiske ultradistansen på 50 miles.
Stad: SpareBank 1-hallen, Volda stadion
Førebels dato: 16. oktober 2027
Starttid: Kl. 08.00
Løpsformat: 12 rundar à 6,7 km med start kvar heile time
Løpet passar for alle, enten målet er éi runde, fleire rundar eller full distanse. Det viktigaste er å møte opp og utfordre seg sjølv på sitt eige nivå.
I 2026 stilte 129 deltakarar til start, og 52 deltakarar fullførte alle dei 12 rundane.
Påmeldinga for 2027 er ikkje opna enno. Følg oss på Facebook og Instagram for informasjon om påmelding, program og praktiske opplysningar.
Er du klar for haustens vakraste eventyr i Volda?